Vikingskipet Åsa
Viking-skip var væpna
med verdsry, mannsmot og handkraft.
Utferds-trongen – inn'stengd –
til ukjend' lende lengta.
År og stunder seinar'
vi på sogers bragder aktar.
I fedrars far vi ferdast
og følgjer kjølens sølvspor.
 
Havet er draumanes heimstad –
det hugtek fridomens vidsyn.
Til ytste kyst seg [å] esla,
og ov-stor visdom spora,
er brør og søners brennhug
brottsjø og storm dei ei ottast,
[for] vidfaren ferdsel vil vørdast,
[og] verdfullt frisyn kynnast.
 
Åsa for reiser er esla
austfrå fann kjølen si sjø-lei.
Segl og årar oss styrer
over storhav og fjordar.
Dronninga frå grava vart granska –
or grunnen steig løynde kunner.
Vi segler inn i høgvyrde soger
med svorne Olavs hærfolk.
nnnnn
Klikk på blå tekst for utdjupande forklåring.