Зеленський (Zelenskyj)
Kiev-drotten synte seg kunnig
då krigsmenn grannelandet sende,
Zelenskyj heimlandet samla
til strid for framtidas fridom.
Frendeland vørder hans framferd
og frigjerings-hæren ærar.
Helheims torste får 'kje herja,
hevdast skal freden med rettferd.
 
Våpendjerve hærmenn vernar
Volodymyr den rådsnares marker.
Fridoms-folk seg fylkar
og frenden våpen sender,
Landet skal fullvisst løysast
frå lovlause åtak austfrå.
Viking-håtten Rus-riket vaktar,
vestom skal 'kje uliv få feste.
nnnnn
Klikk på blå tekst for utdjupande forklåring.

Attgjevings- og framføringsrett © 2023 Arne Skald