Tåtten om Bjørn den kveikte
Så var det ein gong på Mosterøy då det var minnesamling for Kristenretten, at Olavs menn var samla.
Og der var mykje leik og gaman, og mykje gildt folk frå mange stader, og gudsmenn frå England, Svitjod og alle sysla i Noregs rike.
Dei kom for å minnast at Olavs lov fekk feste i Noregsveldet.

Spel-Bjørn var saman i leik og tevling, og var òg ein gong kledd i munkeham og gav liv til Grimkjells sendebod, då mennene kvar time synte korleis lova kom til Noreg.

Bjørn var ikkje så kvikk i leiken som før. Lækjar-kvinna som Bjørn alljamt vitja, hadde målt blodet hans, og funne at det var ovleg mykje søte i det.

I skipet der Bjørn leigde nattely, var òg ei kvinne som talte til dei som var der, om at den Allmektige kunne heila sykjer. Ho la deretter hendene på Bjørn og ba i Kvitekrists namn.

Om kvelden, då Bjørn atter skulle gå ombord i skipet for natta, kjende han seg brått mykje lettare i gangen. Som reine ungguten sprang han ombord, og sov så tungt, men lett.

Neste dag, då Olavs menn var samla på vollen i leik og spel, byrja Halvor den mangføre å slå på munnharpa si. Bjørn kjende seg då så lett og leiken at han måtte opp og dansa med.

Då lækjar-kvinna seinare målte blodet hans att, fann ho ut at no var det som det skulle vere - det var korkje for mykje eller for lite søte i det.

Bjørn meinte at det var den Allmektige i det Høgste som hadde fornya han, og nå leika han og dansa til Himmeldrottens ære.

Alle dei andre Olavs menn fekk høyra dette, og ville òg vera med og æra Den store lækjaren - utan omsyn til sedvane og kroppens vilje. Og slik vart Bjørnedansen til.
 
Slik kvad Arne Skald:

Lekams sjukdom læktest,
løftast skal den Øvste
Halvors harpe høyrest,
heile flokken lokkar.
Lett - og tidom ledig -
leikar Bjørn den kveikte.
Bjørne-dans med beinsving
brakar laus i utakt.
Bjørne-dans med beinsving
brakar laus i utakt.
nnnnn
Klikk på blå tekst for utdjupande forklåring.